Torgplass i Flåm 2027

Aurland hamnevesen KF tek no i mot søknadar for torgplassar i Flåm for 2027-sesongen.

Søknadsfristen vert sett til 01.11.2026, og administrasjonen gjennomfører deretter tildeling av torgplassar.

Hamnevesenet forventar høg etterspurnad etter torgplassar for 2027-sesongen, så søkjarar vert oppfordra til å leggje ved opplysningar i sin søknad i høve vurderingskriteria for tildeling av torgplass.

Tilgjengelege plassar

Totalt 16 torgplassar à 4 m × 4 m lysast ut. Det er høve til å søkje på 1, 2 eller 3 plassar. Av omsyn til brei representasjon vil det ikkje verte tildelt tre plassar til einskildaktørar i hovudsesongen.

Avgrensinga på maksimalt to plassar gjeld både formelt eigarskap og reell drift. Det er ikkje høve til å omgå regelen gjennom framleige, driftsavtalar eller ved å opptre som driftsoperatør for andre aktørar.

Korleis søkjer eg?

Søknadsskjema er tilgjengeleg her.

Historisk ligg tal søknader på 30–40 torgruter, medan det berre er 16 tilgjengelege for tildeling. Som vedlegg til søknaden oppfordrar me difor til at søkjar legg ved utfyllande opplysningar om sitt prosjekt. Utan dette er det lite truleg at ein når opp i konkurransen om torgplass.


For torghandlarar som hadde plass i 2026:

Send inn søknad med følgjande dokumentasjon:

  1. Komplett utfylt søknadsskjema (inkludert opplysningar om eventuelle eigarinteresser, samarbeidsavtalar eller operatørroller hjå andre søkjarar på torget).

  2. Vedlegg:

    • a) Firmaattest frå Brønnøysund og attest for skatt og meirverdiavgift.

    • b) Dei fakturabilag frå 2026 ein meiner kvalifiserer innan tildelingskriterie 1; prioriterte føremål, samt skildring av planlagde endringar for 2027-sesongen. Ved intern produksjon innan føremålet kan alternativ dokumentasjon av omfang på dette leggjast ved.

    • c) Skildring/skisse/bilete som syner korleis salsboden oppfyller gjeldande visuelle kvalitetar og estetiske retningsliner (sjå eige vedlegg frå arkitekt). Dersom tiltaket fråvik storleiken på omsøkt torgplass må dette opplysast om særskild – sjølv om det berre gjeld takutstikk, drag på hengar mv.

    • d) Dokumentasjon på elektrisk anlegg: Gyldig samsvarserklæring eller fersk kontrollrapport frå registrert elektroinstallatør. Dersom boden skal byggjast om før sesongen, skal det leggjast ved ei skriftleg stadfesting/eigenmelding om at gyldig samsvarserklæring vil liggje føre før opprigg og innkopling.

  3. For verksemder med servering lyt i tillegg leggjast ved:

    • e) Gyldig serveringsløyve.

    • f) Skildring av planlagd bruk av emballasje mv.

For andre/nye søkjarar:

Send inn søknad med følgjande dokumentasjon:

  1. Komplett utfylt søknadsskjema (inkludert opplysningar om eventuelle eigarinteresser, samarbeidsavtalar eller operatørroller hjå andre søkjarar på torget).

  2. Vedlegg:

    • a) Firmaattest frå Brønnøysund og attest for skatt og meirverdiavgift.

    • b) Skildring av planlagd aktivitet/innkjøp i samsvar med det prioriterte føremålet.

    • c) Skildring/skisse/bilete/teikning av torgbod i samsvar med gjeldande visuelle retningsliner (sjå eige vedlegg frå arkitekt). Dersom tiltaket fråvik storleiken på omsøkt torgplass må dette opplysast om særskild – sjølv om det berre gjeld takutstikk, drag på hengar mv.

    • d) Dokumentasjon på elektrisk anlegg: For eksisterande bod/vogn skal gyldig samsvarserklæring eller fersk kontrollrapport leggjast ved. For ny bod eller bod under tilverking/ombygging skal det leggjast ved ei skriftleg stadfesting/eigenmelding om at gyldig samsvarserklæring frå registrert elektroinstallatør vil liggje føre før opprigg og innkopling.

  3. For verksemder med servering lyt i tillegg leggjast ved:

    • e) Gyldig serveringsløyve.

    • f) Skildring av planlagd bruk av emballasje mv.

Om tildeling av plass

I høve tildeling av plass vert følgjande moment lagt vekt på i eit suksessivt opptak:

  1. Prioriterte føremål med små miljøulemper – definert som handel med kortreiste landbruks- og handverksprodukt, frukt, bær, blomar og gartnarvarer.

    • Dokumentasjonskrav for verksemder som stod på torget 2026: Dei fakturabilag frå 2026 ein meiner kvalifiserer innan prioriterte føremål, samt skildring av planlagde endringar for 2027-sesongen. Ved intern produksjon innan føremålet kan alternativ dokumentasjon av omfang på dette leggjast ved.

    • Dokumentasjonskrav for andre/nye: Skildring av planlagd aktivitet/innkjøp i samsvar med det prioriterte føremålet.

  2. Omsøkt sesonglengde

    • Dokumentasjonskrav: Komplett utfylt søknadsskjema.

  3. Avfallsomfang (volum). Val av emballasje mv.

    • Dokumentasjonskrav: Skildring av planlagd bruk av emballasje mv. (Gjeld berre serveringsverksemder).

  4. Visuelle kvalitetar og estetiske rammer

    • Frå 2027-sesongen vert det stilt skjerpa estetiske krav til bodane sine fasadar, fargeval, skilt, bodliner og sitjesoner, i samsvar med vedlagde «Visuelle retningsliner – Torget i Flåm 2027».

    • Dokumentasjonskrav: Målsett teikning, skisse eller foto som syner trefasade, dempa fargar, standardisert 60 cm hovudskilt, overhalding av bodline og eventuell sitjesone (maksimalt 1,5 meter).

  5. Mangfald i produktsamansetjing for torget sin heilskap

    • Har til dømes ein som sel tilsvarande produkt som deg allereie vorte tildelt plass etter kriteria over, vert din søknad prioritert lågare.

    • Dokumentasjonskrav: Komplett utfylt søknadsskjema.

I tillegg er det ei avgrensing i høve kapasitet på straum mv. som påverkar tildelinga.

Etter søknadsfristen er utløpt vil hamnevesenet vurdere innkomne søknadar, og tildele plassar. Ein kan rekne med at plassane vil vere tildelt innan 20. november 2026. Ihht. torgvedtektene er det ikkje klagerett på tildelinga.


Krav til torghandlarar

Torget i Flåm er omfatta av forskrift om bruk av kommunalt areal til handel utanom fast utsalsstad, tilgjengeleg her. Ved eventuelle endringar i forskrifta, gjeld endringane umiddelbart frå ikrafttredingsdato.

Andre krav som her beskrive gjeld føre torgforskrifta. Torgforskrifta fyller deretter ut bestemmingane.

  1. Telt

    Av omsyn til sikkerheit vert det ikkje gjeve løyve til bruk av telt.

  2. Ankomst

    Torgplassen er tilgjengeleg for opprigging tidlegast frå kl. 08:00 første dag i tildelt torgperiode.

  3. Samsvar og reell drift

    Bruken av torgplassen skal samsvare med opplysningar gjeve i søknad. Tildelinga er knytt til den godkjende søkjaren. Framleige, overdraging eller etablering av operatøravtalar med tredjepart er ikkje tillate utan skriftleg førehandsgodkjenning frå hamnevesenet.

  4. Opp- og nedrigging

    Hamnevesenet gjev unntak frå krav i forskrift om opp- og nedrigging av torgboder kvar morgon/kveld basert på erfaringane frå tidlegare år.

  5. Avløp

    Avløpsvatn skal leverast på tilkoplingspunkt tilknytt torgplassen. Frityrfeitt skal aldri hellast i avløpet/til feittutskiljar. Frityrfeitt lyt torghandlar sjølv levere på godkjent måte.

  6. Reinhald, orden og avfall

    Torghandlarar har eit særleg ansvar for å halde si torgrute ryddig, reingjort og presentabel, samt halde det reint og ryddig i forkant av eigen utsalsstad. Avfall skal ikkje mellomlagrast synleg på torgplassen. Torghandlarar med serveringsløyve vert gjeve tilgang til å levere avfall frå torgplassen i restavfalls- og pappbehaldar nær torget tiltenkt torghandlarar.

    Om lag halve torget, samt togvogna rett nord for torget, er sett av til fellesareal med sitjeplassar. Dette området kan brukast av gjester til konsum av mat kjøpt på torget, og for gjester i Flåm elles. Torghandlarar med serveringsløyve pliktar å halde tilsyn med at heile torget framstår ryddig og reint.

    Gjester som spør etter toalett skal henvisast til toaletta ved parkeringsplassen.

  7. El og vatn

    El-kablar og vassforsyning skal førast gjennom trekkekum til forsyningsskåp. El-kablar skal vere heile, uskadde gummikablar og forsvarleg sikra for å unngå at kablar kjem i klem. Før innkopling og spenningssetjing finn stad, pliktar leigetakar å framvise gyldig samsvarserklæring eller fersk kontrollrapport frå registrert elektroinstallatør for boden/vogna. Sjølve innkoplinga til hamnevesenet sine forsyningsskåp skal utførast av autorisert elektroinstallatør. Leigetakar er sjølv ansvarleg for at det elektriske utstyret som vert nytta i boden er i forskriftsmessig stand og vert brukt forsvarleg.

  8. Bruk av køyretøy på torget

    Bruk av køyretøy anna enn køyretøy/hengar nytta som salsbod, er ikkje tillate på torget i torget si opningstid. Dette gjeld også parkering/stopp i bakkant av torgplassar, parkering/stopp langs vegen rundt torget og parkering/stopp rundt fellesarealet. Varelevering i torget si opningstid skal berre skje frå avkøyringa frå A-feltvegen mellom Saga Souvenir og togrestauranten.

    Utanfor torget si opningstid er bruk av køyretøy tillate, men berre i samband med opprigging/nedrigging og varelevering.

  9. Tilsyn

    Hamnevesenet vil ha tett oppfølging av området med jamlege tilsyn i høve overhalding av forskrift, retningsliner og pålegg. Området skal reflektere og halde same standard som resten av Flåm.

  10. Betalingsfristar

    Torgleiga for dei første 30 dagane forfell til betaling 14 dagar etter tildeling av torgplass. Resten av torgleiga vert deretter fakturert forskotsvis per kalendermånad.

    Ved manglande betaling innan betalingsfrist vert løyvet trekt attende for heile den tildelte perioden.

  11. Avslutning av periode for tildelt torgplass

    Torghandlar lyt fjerne sin torgbod, salsbod mv. seinast innan kl. 20:00 siste dag i tildelt torgperiode. Torgplassen skal forlatast i rydda og i reingjort tilstand. Om naudsynt skal plassen vere kosta og spylt.

  12. Førtidig avslutning av tildelt periode

    Omsøkt og tildelt leigeperiode er bindande. Dersom ein leigetakar ønskjer å avslutte drifta før tildelt sluttdato, skal det sendast skriftleg melding om dette med minimum 30 dagars varsel. Leigetakar er plikta til å betale ordinær leige ut heile varslingsperioden på 30 dagar. Førtidig avslutning som bryt med søknaden vert protokollført og tillagt negativ vekt under vurdering ved framtidige søknader.

  13. Vinteropplag og påbodne opningsdagar 2026/2027

    Aktørar som vert tildelte torgplass for sesongen 2027, kan søkje om vinteropplag av godkjend salsbod på torget i perioden 01. desember 2026 til 01. april 2027.

    • Pris for vinteropplag (utan ordinær drift) er kr 300 per rute per døgn, pluss straum avrekna etter målar.

    • Det er eit ufråvikeleg krav for vinteropplag at boden vert halden open og i full drift på følgjande datoar som følgje av store cruiseskipanløp til Flåm:

      • 13.12.2026

      • 09.02.2027

      • 23.02.2027

      • 10.03.2027

      • 23.03.2027

    • Boden skal desse dagane haldast open som eit minimum i tidsrommet skipet ligg til kai, eller innanfor ordinær torgtid (kl. 09.00–18.00). Manglande opning på dei påbodne dagane vert rekna som vesentleg mislighald av leigeavtalen.

Prisar

Alle prisar er oppgjevne eks. mva.

Type Eining Periode Einingspris (eks. mva.)
Ein torgplass (4m × 4m) døgn 01.05–30.09 kr 560
To torgplassar (4m × 8m) døgn 01.05–30.09 kr 1 120
Tre torgplassar (4m × 12m) døgn 01.05–30.09 kr 2 240
Ein torgplass (4m × 4m) døgn 01.10–30.04 kr 280
To torgplassar (4m × 8m) døgn 01.10–30.04 kr 560
Tre torgplassar (4m × 12m) døgn 01.10–30.04 kr 1 120
Type Eining Periode Einingspris (eks. mva.)
Tillegg for tiltak som krev serveringsløyve, pr. torgplass døgn 01.05–30.09 kr 205
Tillegg for tiltak som krev serveringsløyve, pr. torgplass døgn 01.10–30.04 kr 50
Type Eining Einingspris (eks. mva.)
Per 32 A uttak døgn kr 165
Per 16 A uttak døgn kr 40
Per vatntilkopling døgn kr 40
  • Vinteropplag: kr 300 per rute per døgn + straum etter målar

Søknadsfrist

Søknadsfristen er sett til 01. november 2026 for tildeling av torgplass. Dersom ein treng serveringsløyve er det viktig å vere ute i god tid.

Ved ledige plassar vert det deretter gjennomført kontinuerleg handsaming av tilkomne søknadar.

Kontakt oss

For spørsmål knytt til ordninga, kontakt hamnesjef Tor Mikkel Tokvam.

Next
Next

Offentleg høyring – Forslag om oppheving av lokal forskrift om innkrevjing av farvassavgift i Aurland kommune