Offentleg høyring – Forslag om oppheving av lokal forskrift om innkrevjing av farvassavgift i Aurland kommune

Aurland hamnestyre vedtok i møte den 07.09.2026, sak 2026/944, å leggje forslag om oppheving av «Forskrift om innkrevjing av farvassavgift, Aurland kommune, Vestland» (FOR-2020-06-18-1634) ut på offentleg høyring i samsvar med forvaltningslova § 37.

1. Bakgrunn

Aurland kommune fastsette gjeldande forskrift om farvassavgift 18. juni 2020 med heimel i lov 21. juni 2019 nr. 70 om havner og farvann (havne- og farvannsloven) § 36. Formålet med avgifta har vore å dekke kommunen sine kostnadar ved utøving av farvassforvaltning og tilrettelegging for sikkerheit og framkome i kommunen sitt sjøområde.

Innkrevjinga er underlagd reglane om sjølvkost, jf. kommunelova § 15-1 og sjølvkostforskrifta.

Gjennomgang av rekneskapstala for dei seinare åra syner eit vedvarande avvik mellom inntektene frå farvassavgifta og dei bokførte utgiftene i sjølvkostrekneskapen. Dette skuldast i hovudsak at gjeldande fordelingsnøklar for indirekte kostnadar har belasta ordninga med ein kostnadsdel som overstig inntektsgrunnlaget. Per 31.12.2025 har sjølvkostfondet for farvassavgift eit akkumulert underskot på 2 913 000,55 kr.

Tilhøvet er teke opp av både revisor (Vestland Revisjon) og Kontrollutvalet i Aurland kommune (sak 08/2026), som har peika på at ordninga må vurderast for å sikre samsvar med sjølvkostregelverket over tid.

2. Vurdering og forslag

For å bringe sjølvkostrekneskapen i balanse etter regelverket, måtte Aurland kommune anten auka avgiftssatsane monaleg eller lagt om prinsippa og ressursbruken knytt til sjølvkostføringa. Aurland hamnevesen KF vurderer at ein vesentleg auke i avgiftssatsane vil kunne verke uheldig for brukarane av farvatnet og lokalt næringsliv. Samstundes vil vidareføring av ei særskild avgift krevje administrative ressursar til berekning, etterrekning og revisjon som ikkje står i eit rimeleg høve til dei inntektene ordninga genererer.

Hamnestyret rår difor til at forskrifta vert oppheva i sin heilskap.

3. Verknader av ei oppheving

• Avgiftsplikt: Fartøy som gjer anløp til hamn eller anlegg i sjøområdet til Aurland kommune vil ikkje lenger bli fakturert for farvassavgift (gjeldande sats: kr 0,02 pr. BT, minsteavgift kr 200,- pr. anløp).

• Oppgåveløysing: Kommunen sine lovpålagde oppgåver innanfor sjøområdet – herunder framkome, orden, merking, hamneoppsyn og farvassforvaltning – vert vidareførte som før, men vert finansierte over hamnevesenet sitt ordinære driftsbudsjett.

• Rekneskap: Akkumulert underskot på sjølvkostfondet vert dekt inn mot Aurland hamnevesen KF sin frie eigenkapital.

4. Frist og innsending av høyringsfråsegn

Høyringsfristen er sett til 06.11.2026.

Høyringsfråsegner skal merkast med sak 2026/944 og sendast:

• Per e-post til: post@aurlandhavn.no

• Eller per post til:

Aurland hamnevesen KF A-feltvegen 27 5743 Flåm

Innkomne merknader vil bli oppsummerte og vurderte i det endelege saksframlegget til Aurland kommunestyre, som gjer endeleg vedtak i saka.

Next
Next

Torgplass i Flåm 2026